lørdag 10. september 2011

Nedtelling

Eg har starta nedtelinga mot dei store hendingane denne hausten. 

Først tell eg ned til valet, eller vala. Kyrkjevalet er ekstra spennande fordi eg sjølv står på lista i til bispedømmerådet i Nidaros. Dersom eg vert vald inn har eg noko heilt nytt å halde på med dei neste fire åra. Tida vil vise.

Så tell eg ned til praksis. Om ei veke skal eg ut i skulen for å øve meg på verkelege elevar, ikkje berre sympatiske og vaksne medstudentar som gje masse ros og ikkje får lov til å komme med kritikk, berre utviklande kommentarar. Jauda, eg gler meg óg. Melhus videregående skole: Watch out!
Eller kanskje eg heller skulle sagt  "bu dykk!". Eg er jo trassa alt norsklærar (snart).

Etter det tel eg ned til Londontur! Det skal bli fint å sjå deg att, kjære Sjømannskirka i London.

Pappa syntes også London var morosamt, om noko slitsamt. Mamma synast det er viktig å ta seg bra ut når ein er på byur. Eg er einig med begge.

Meg og Helga Victoria i hagen bak kjerka den siste søndagen før vi slutta. Eg gler meg til vi skal reise til London saman i oktober! (Takk til Rune som tok bilete.)




1 kommentar:

  1. ÅH! Jeg gleder meg og! Hurra hurra.

    Det var litt vanskelig å få øye på disse foreldra på dette bildet. Men jeg ser dem jo når jeg ser etter dem. De blender godt inn i bybildet til å være bønder på byen! :)

    SvarSlett