Eg har starta nedtelinga mot dei store hendingane denne hausten.
Først tell eg ned til
valet, eller vala. Kyrkjevalet er ekstra spennande fordi eg sjølv står på lista i til bispedømmerådet i Nidaros. Dersom eg vert vald inn har eg noko heilt nytt å halde på med dei neste fire åra. Tida vil vise.
Så tell eg ned til
praksis. Om ei veke skal eg ut i skulen for å øve meg på verkelege elevar, ikkje berre sympatiske og vaksne medstudentar som
må gje masse ros og ikkje får lov til å komme med kritikk, berre utviklande kommentarar. Jauda, eg
gler meg óg. Melhus videregående skole: Watch out!
Eller kanskje eg heller skulle sagt "bu dykk!". Eg er jo trassa alt norsklærar (snart).
Etter det tel eg ned til
Londontur! Det skal bli fint å sjå deg att, kjære
Sjømannskirka i London.
 |
| Pappa syntes også London var morosamt, om noko slitsamt. Mamma synast det er viktig å ta seg bra ut når ein er på byur. Eg er einig med begge. |
 |
| Meg og Helga Victoria i hagen bak kjerka den siste søndagen før vi slutta. Eg gler meg til vi skal reise til London saman i oktober! (Takk til Rune som tok bilete.) |