Under Kyrkjemøtet fekk eg verkeleg auga opp for Twitter.
Ein fantastisk reiskap for å halde seg vaken og fylgje med under møtane og samtidig få oppdatert omverda. Sia har eg fortsatt, om enn i litt rolegare frekvens.
På Twitter er det mange om meinar mykje (og mange som berre tullar og snakkar om veret). Eg trudde det var heilt ut å kvittra, men det er det heilt åpenbart ikkje, då eg, som den teknologiske foregangskvinna eg er, driv med det.
Dessuten er det ikkje alltid at Facebook er nok distrakjson til eksamenslesinga, og då er det kjekt med ei ekstra kjelde til underhaldning.
Berre fordelar her altså.
Om mangt og mykje.
(Og ymist anna)
onsdag 23. mai 2012
lørdag 12. mai 2012
fredag 6. april 2012
tirsdag 24. januar 2012
TV-slave
Eg ser mykje på TV. Altfor mykje.
Derfor har eg ein plan om å satsa på kvalitet framfor kvantitet frå no av. Det er berre det at det finnes så alt for mange seriar eg berre MÅ sjå.
Siste skudd på må-sjå-kvalitets-tv-stamma er Broen. Gjer kvar mandag kveld til ein fest!
Nesten for mykje spaning i kvardagen.
Eg er ganske pinglete.
NRK NETT-TV
Sjå du og!
(Det er det fine med oss TV-slavar. Vi deler gjerne, for vi får mindre dårleg samvite for å sitte på rompa når andre også gjer det.)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
